Får 400.000 kroner i bot for å ha tørrlagt elva

Riseelva vart tørrlagd i fleire timar, og resultatet var daud fisk og ål. No blir Steinvik Fiskefarm kravd for 400.000 kroner.
Nyheter

– Vi ser svært alvorleg på brot på krav om slepp av minstevassføring. Av omsyn til livet i elva skal det alltid sleppast tilstrekkeleg med vatn. Slepp av minstevassføring er ein avgjerande føresetnad for å få løyve til å bruke vatnet frå Riselva til settefiskanlegget, seier Mari Hegg Gundersen, seksjonssjef for NVEs miljøtilsyn for vassdragsanlegg, heiter det i ei pressemelding frå NVE.

Steinvik Fiskefarm AS fekk løyve etter vannressursloven paragraf 8 til vassuttak og regulering av Risevatnet til landbasert oppdrett av fisk i mars 2017. Eit halvt år seinare skjedde tørrlegginga av elva.

I konsesjonsvurderinga vart det lagt vekt på at Risevassdraget har ein viktig funksjon for stadeigen anadrom og stasjonær laksefisk. I tillegg har vassdraget regional verdi for ål. I løyvet er det fastsett krav til slepp av minstevassføring.

Tørrlegginga av Riselva var ifølge NVE i tidsrommet klokka 16.00 til 18.23 den 21. september 2017.

Firdposten skriv at Steinvik Fiskefarm i september 2017 var i ferd med å bygge ein demning i utløpet av Risevatnet og det lokale Svelgen-firmaet Maskin En3prenør1 hadde kontrakt på byggearbeidet. Avisa skriv vidare at då entreprenøren forlét staden den 21. september rann det vatn i elva. Seinare på dag vart firmaet varsla om at det ikkje lenger var vatn i elva, og dei reiste til elva og sørga for at det kom vatn i elva att.

Firdaposten skriv at miljøkoordinator i Steinvik Fiskefarm, Svein Erik Vestby, har hatt dialog med NVE. I saksutgreiinga har han vist til at Steinvik meiner det må ha vore spesielle forhold i Risevatnet som har ført til ei stor og rask endring i vasstanden.

– Årsaka til den aktuelle hendinga er sannsynlegvis eit resultat av ei lang rekke faktorar som vanskeleg kunne føreseiast. I det ligg det også at årsaka korkje skuldast innsparingar, mangel på utstyr eller fråvær av andre innsatselement som kunne hindra uhellet, påpeika dagleg leiar Alex Vassbotten til NVE under sakshandsaminga, skriv avisa.

Steinvik Fiskefarm AS kan klage på avgjerda til Olje- og energidepartementet, innan tre veker frå mottak av meldinga frå NVE.

Fjordenes Tidende har vore i kontakt med dagleg leiar i Steinvik Fiskefarm AS, som ikkje hadde høve til å kommentere saka i dag.