Femåring kritisk skadd etter fall i trapp

Nyheter

Ein fem år gamal gut er kristisk skadd etter ei fallulukke i heimen i Eid torsdag kveld.

Ulukka skal ha skjedd klokka 18.50 torsdag kveld då guten fall ned ei trapp. Femåringen vart sendt til Haukeland universitetssjukehus. Det opplyser sjukehuset i ei pressemelding.

Fredag morgon uttalar operasjonsleiar Per Algrøy i Vest politidistrikt til BT av hendingsgangen er nokså avklart.

– Det vart oppretta ei undersøkingssak og vi har vore i heimen der ulukka skjedde. Guten har falle i ei trapp i huset, opplyser operasjonsleiaren til avisa.

Vest politidistrikt opplyste til Fjordenes Tidende torsdag kveld at dei arbeidde med å finne årsaka til ulukka.

– Vi har ikkje så mykje informasjon på noverande tidspunkt, men etterforskingsavdelinga vår prøver å få meir opplysningar for å finne ut kva som har skjedd, sa operasjonsleiaren til fjt.no rundt klokka 23.30.