Håpar ny hytte blir utfartspunkt

– Dette er eit kjempeviktig folkehelsetiltak. Dette kan få fleire folk ut, seier folkehelsekoordinator Birte Sandal Rikstad, som denne veka opna eit nytt tilbod – dagsturhytta på Kletten.
Nyheter

– Nærturar, turområde og stiar er eigentleg dei beste folkehelsetiltaka, fordi det er for alle. Alle kan bruke det, uavhengig av noko. Ein ser på turstiar og -vegar at dei blir veldig mykje brukt, seier Sandal Rikstad.