To vogntog fekk over 30.000 i bot

Foto: Statens vegvesen 

Nyheter

Etter tips om stor slitasje på fv 577 ved Sørgulen i Bremanger, bestemte Statens vegvesen seg for å ha ein kontroll på vegen.

Under kontrollen i Sørgulen onsdag kveld, så vart to lastebilar med stor overlast stoppa.

Førarane av dei to lastebilane fekk begge gebyr. Den eine gebyret var på 36.000 kroner og det andre på 36.400 kroner.

– For å bevare vegane våre, er det viktig at transportørar held seg innanfor vektgrensene som er sette for norske vegar, heiter det i pressemeldinga frå Statens vegvesen.