Blir råka av elavgift

Adm. dir. Jørn Skaane i Lefdal Mine Datacenter meiner elavgifta myndigheitene vil innføre på utvinning av kryptovaluta, treffer feil. Og i praksis råkar ein heil teknologi og ikkje berre eit produkt.

Adm. dir. Jørn Skaane i Lefdal Mine Datacenter avviser at det er snakk om storstilt flytting av konteinarar frå Lefdal til Sverige på grunn av at norske myndigheiter vil legge elavgift på kryptovalutautvinning. Arkivfoto: Jørn-Arne Tomasgard   Foto: Jørn-Arne Tomasgard

Nyheter

– Eg trur ikkje regjeringa har skjønt konsekvensen av det dei har vedteke. Dei skyt spurv med kanoner. Eg er kritisk til at eit forslag som har kome opp i forhandlingar ein sein kveldstime går gjennom utan meir utgreiing. Norske datasenter er marknadsført som trygge, miljøvennlege og føreseielege fordi vi har eit stabilt politisk system. Så kjem dette og skader omdømet vårt, seier Skaane.