Inviterer til konferanse om ringverknadene av skipstunnelen

Måndag og tysdag 11. og 12. februar blir det konferanse om Stad skipstunnel - ringverknadar lokalt og regionalt.

Illustrasjon: Kystverket 

Nyheter

– Konferansen vil sette søkjelys på potensialet med å bygge skipstunnelen, kva som rører seg i næringslivet for ein meir aktiv bruk av havrommet, korleis tunnelen kan skape store ringverknadar lokalt og regionalt. Denne konferansen er eit «must» for alle som er interessert i samferdsel, seier Selje-ordførar Stein Robert Osdal (KrF).

Ordføraren oppmodar om å sette av datoen for konferansen for å lære meir om ringverknader som Stad skipstunnel vil få lokalt og regionalt.


Meiner dette er grønt lys for tunnelen

Stein Robert Osdal (KrF), ordførarkollegaer og prosjektleiinga i Stad skipstunnel lagde til spontan kakefest då det blei kjent at 20 millionar kroner til tunnelen har funne vegen inn att i statsbudsjettet.


Stad2020, Stad Vekst, Sogn og Fjordane fylkeskommune, Møre og Romsdal fylkeskommune er arrangør for konferansen som blir arrangert 11. og 12. februar på Nordfjord Hotell i Eid. Medarrangørar er Vanylven Utvikling AS og Nordfjordrådet.

– Stadhavet er det mest vêrutsette og farlegaste havstykket som er langs norskekysten. Målet med Stad skipstunnel er å sikre ein tryggare seglas forbi Stad. I Nasjonal transportplan 2014-2023 er det sett av 1,5 milliardar kroner til prosjektet i første planperiode, og 1,3 milliardar i andre planperiode, seier Osdal.


Dette er tema for konferansen måndag 11. februar:

  • Korleis riggar Stad kommune seg for Stad skipstunnel ved Stein Robert Osdal ordførar i Selje og leiar fellesnemnda og Kristine Dahl, rådmann i Selje og programkoordinator
  • Korleis realisere potensialet for reiselivet i regionen ved Per Sævik, gründer og eigar av Havila og Dagfinn Neteland,  konsernsjef Fjord1
  • Stad skipstunnel – kva inneheld prosjektet ved Terje Andreassen, prosjektleiar Stad skipstunnel, Kystverket
  • Regjeringa sine visjonar for framtidas grøne skipsfart ved Atle Hamar, statssekretær Miljø-og klimadepartementet
  • Potensial ved transport på sjøen ved Stein Kvalsund, dagleg leiar Maritim foreining Sogn og Fjordane
  • Korleis rigge for vekst i oppdrettsnæringa ved Asgeir Hasund, områdedirektør Marine Harvest
  • Eit innblikk på reiselivet i regionen ved Mads Jonsson, Fred Syvertsen og Lindsey Bundschuh

Programmet tysdag 12. februar ser slik ut:

  • Besøk Marine Harvest Rundereim, orientering ved driftssjef
  • Portalen i Moldefjorden, orientering ved Terje Andreassen
  • Orientering om potensial reiseliv Selje ved Selje hotell Invest, Vestkapp
  • Ervik havfiske – innovasjon i Næringslivet i Stad kommune ved Olav Steimler, direktør prosjekt og kommunikasjon, Ervik Havfiske Holding
  • Innlegg frå prosjektleiar for styringsgruppa for Stad skipstunnel, Randi Humborstad, Stad hotell