Stor auke i nyetableringar:

155 bedrifter såg dagens lys i fjor

I Fjordenes Tidende sitt dekningsområde vart det registrert 155 bedrifter i fjor. Dette er 50 fleire nyregistreringar enn i 2017.

I løpet av 2018 vart det i Fjordenes Tidende sitt dekningsområde etablert 155 nye bedrifter. Blant dei 46 nyetableringane i Vågsøy finn vi Måløy Mat AS. Butikken, som er lokalisert i Gate 1 i Måløy, vart opna i desember og i spissen for satsinga står Salah Ahmad Alabdullah (t.h.) og Ftouh Samir Krdi frå Syria. Arkivfoto: Janne Weltzien Listhhaug 

Nyheter

I 2018 vart det ifølge Brønnøysundregistrene registrert 46 nye bedrifter i Vågsøy kommune, 46 i Eid, 23 i Bremanger, 21 i Selje og 19 i Vanylven.

– Det er svært positivt at det er ei god auke i talet nyetableringar i Vågsøy og nabokommunane våre i 2018. Vi er heilt avhengige av desse unge vekstbedriftene. I Norge er det ei førestilling om at det er dei store bedriftene og det etablerte næringslivet som skapar dei nye arbeidsplassane, men ifølge ein studie frå BI så er to av tre nye arbeidsplassar i Norge skapt i nye og unge bedrifter. Dette betyr at dei nye bedriftene er svært viktige for jobbskaping, seier dagleg leiar Randi Paulsen Humborstad i Måløy Vekst.