Bryggerisjefen: – Dette var stort

Øyvind Haugland har brygga øl i 10–12 år, og får no endeleg servere det i eigen restaurant.

I bunad: Øyvind Haugland gler seg over å endeleg kunne servere eigebrygga øl i restauranten. – Det fekk kjempegod mottaking. Eg var spent på mottakinga, seier han.  Foto: Siri Kolseth

Nyheter

– Dette var ein stor dag for Aske og ein stor dag for meg. Eg har drøymt om å gjere noko med hobbyen min som eg har hatt heime på kjøkenbenken. Å få sitt eige øl på eigen restaurant, det er ganske stort, seier Øyvind Haugland, som hadde kledd seg i bunad for høvet.