Skålte for bryggeriet

– Dette er veldig bra. Eg er veldig fornøgd med restauranten, og ølbrygginga vil styrke den, seier Stian Sølvberg, som var ein av dei som fekk med seg opninga av bryggeriet ved Aske Gatemat & Bryggeri i Eidsgata.

Opning: Stian Sølvberg (f.v.), Oda Grønnevik, Lisa D. Aas, Irmelin Dyrhol, Birgitte Bleie, Lene Melheim og Oddbjørn Melheim var nokre av dei som fekk med seg opninga av bryggeriet hos Aske Gatemat & Bryggeri i Eidsgata laurdag, eitt år etter opninga av restauranten. Alle Foto: Siri Kolseth  Foto: Siri Kolseth

Nyheter

Han veit at folk frå heile Nordfjord kjem for å ete på restauranten i Eidsgata, og han trur at med eit bryggeri vil verksemda få fleire bein å stå på.