Ungdommen og kvinnene valde nye styre

Senterungdomen og Senterkvinnene i Sogn og Fjordane hadde sine årsmøter i Sogndal i helga.

Sander Solheim (f.v.), Oda Eithun Paulsen, Emma Berge Ness, Hilde Horpen, Nina Hjartholm og Gabriel Yttri i det nye styret for Senterungdommen i Sogn og Fjordane. Foto: privat  

Nyheter

Senterungdommen har valt nytt styre der Hilde Horpen, Årdal, går inn i sitt andre år som leiar. Sander Solheim frå Flora, Oda Eidthun Paulsen frå Sogndal, Emma Berge Ness frå Gaular, Nikolai Åshamar frå Eid, Nora Birkeland frå Gaular og Nina Hjartholm frå Gulen er med i styret.

Varamedlemmar til styret er Gabriel Yttri frå Leikanger, Jakob Ruud frå Sogndal, Rakel Sørhaug frå Vågsøy og Eivind Steig frå Luster.

Senterkvinnene hadde også sitt årsmøte, og valde nytt styre. Fylkesleiar Jofrid Rye Hestenes frå Stryn sit som leiar i eitt år til. Britt Domben Mulelid frå Bremanger går inn som nestleiar. Linn Elisabeth Dregelid frå Høyanger og Ragne Beate Furnes Larsen frå Vågsøy går inn i styret. Trude Klingenberg frå Årdal er også med i styret.

Vara for styret er Anita Æsøy frå Flora, Olin Astrid Austrheim frå Gloppen og Renate Rendedal frå Vetlefjorden.