Vil bli kommunalsjef i nye Kinn kommune

Ordførar i Vågsøy og leiar i fellesnemnda for Kinn kommune, Kristin Maurstad, søkjer på jobben som kommunalsjef for innovasjon og utvikling i Kinn kommune.

Ordførar i Vågsøy, Kristin Maurstad (Ap) vil bli kommunalsjef i nye Kinn kommune. Her i samtale med politikarar i Vågsøy. Foto: Sindre Blålid Kvalheim 

Nyheter

Det stadfestar Maurstad overfor Fjordenes Tidende i kveld.

Ho har tenkt ei stund på denne stillinga som ho ser på som veldig spennande og passande for den bakgrunnen og erfaringa ho har.