– Må presten gå, så går eg

Kommunen sin representant i fellesrådet, Marius Strømmen, er i harnisk over at soknepresten i Indre Bremanger ikkje får fornya vikariatet sitt.

Marius Strømmen seier han vil legge ned vervet sitt som kommunen sin representant i fellesrådet om vikarpresten i indre Bremanger ikkje får fortsette. Arkivfoto: Janne Weltzien Listhaug 

Nyheter

Tor Grindland (71) har vore sokneprest i Midtgulen, Ålfoten, Rugsund og Davik sokn i to og eit halvt år, men presten får ikkje forlenga halvårsvikariatet sitt ut over 31. januar. Biskopen har bestemt at han blir erstatta av ein ny vikar. Men sjølv ønsker både bygdefolket, Grindland sjølv og kona hans å bli i Bremanger.