Vil utvide populært tilbod:

Håpar å gjere fleire trygge i bølgjene

– I 2020 blir vi ei storkommune og då må også elevane i Eid prøve konseptet med skulesurf, seier initiativtakar Calle Magnusson ved Ervik Surfshop AS.

Elevane ved ungdomsskuletrinna i Selje og Stad har hatt skulesurf i tre år. Med kommunesamanslåinga ønsker initiativtakar Calle Magnusson at også tiandeklassingane i Eid skal få prøve seg i bølgjene, og leitar no etter sponsorar til prosjektet. Arkivfoto 

Nyheter

Skulesurfprosjektet er no inne i sitt fjerde år, og med kommunesamanslåinga ønsker initiativtakaren å inkludere alle i den nye kommunen i det unike prosjektet.

Skulesurf-initiativtaker Calle Magnusson ønsker å utvide skulesurftilbodet. Her saman med rektor Anita Hoddevik på Stadlandet skule.  

– Tilbakemeldingane er 99 prosent positive. Nesten alle elevane synest dette er superkjekt. Tenk å få ein dag på stranda i Hoddevik i staden for ein dag på skulebenken. Til og med dei som ikkje likar å surfe, synest det er fint å få vere i vatnet og svømme i bølgene, seier Magnusson til Fjordenes Tidende.


Skulesurfprosjektet, som går ut på at elevane på ungdomsskulertrinna i Selje og på Stad har symje- og surfeundervisning på stranda i Hoddevik, har vore mogeleg å få til ved hjelp av lokale sponsorar. Det er gratis for elevar og skulane å delta på. No ønsker han at også tiandeklassingane i Eid skal få prøve seg i bølgjene.