Stad vil ha nullutslepp frå transport

Selje og Eid kommunar har blitt med i eit klimanettverk saman med elleve andre kommunar og fylkeskommunar i landet. No er det langsiktige målet til Stad å bli ein klimanøytral kommune.

Stad kommune er valt ut som ein avtolv kommunar og fylkeskommunar i det nye klima-pilotnettverket i regi a KS. Eid og Selje har blinka seg ut transport som noko dei vil arbeide vidare med. – Med klimautfordringane vi ser i dag, så er det ikkje snakk om om vi skal bli klimanøytrale, men når, seier Eid-ordførar Alfred Bjørlo (V). Foto: Marianne S. Rotihaug  Foto: Marianne S. Rotihaug

Nyheter

– Det er veldig krevjande for ein liten kommune å jobbe med klima. Vi har små ressursar og difor er det fornuftig for oss å spisse satsinga vår mot nokre få område. Det er spesielt viktig at klimasatsinga kan vere med å bidra til at vi når andre samfunnsmål. Dermed blinka transport seg ut, seier Eid-ordførar Alfred Bjørlo (V).