Heggedal foreslår ein ny vegtrasé frå Bryggja via Berstaddalen til Selje/Stadlandet, og ny vegtunnel mellom Moldefjorden og Kjødepollen
– For å køyre bil mellom kommunesentera i Eid kommune og Selje kommune må vegfarande køyre innom den eine eller den andre av to nabokommunar, anten via rest-Vågsøy eller Vanylven kommune. Dette merkelege forholdet har blitt peika på i media og ved fleire politiske vurderingar dei siste åra, skriv Heggedal.