Elevane kom tett på internasjonale kriser

Internasjonal dag ved Eid vidaregåande skule inneheldt både FN-rollespel for å løyse krisen i Jemen, foredrag frå elevar med tøff bakgrunn, globalt matbord og dansekurs.
Nyheter

– Lærerikt. Vi får innsikt i korleis verda fungerer, og i internasjonal politikk. Og vi lærer om medelevane våre sin bakgrunn og kultur. Eg har inntrykk av at elevane med utanlandsk bakgrunn som tek vidaregåande opplæring på Eid er godt integrert, seier Sander Vederhus.