Gir si støtte til utbetring av trafikkert «flaskehals»

Politikarane i fellesnemnda for Selje og Eid gir si støtte til reguleringsplanen for Fv. 61.

FV. 61: Strekninga på 1,3 kilometer mellom Naveosen og Brubakken er smal og svingete. 

Nyheter

– Fellesnemnda ser svært positivt på at dette vegstykket vert regulert utbetra til høg standard for biltrafikk. Med ny bru, brei veg, gode kurver og stigningsforhold og langt færre avkøyrsler er dette eit framsteg for dei som bur i og reiser gjennom seinare Stad kommune, og gjennom Nordfjord og Søre Sunnmøre, heiter det i vedtaket frå fellesnemnda.