Stad Ap vil at kommunen sine ansatte skal få eit heiltidsløft

Stad Ap vil i nye Stad kommune prioritere ein god og seriøs arbeidslivspolitikk, skriv dei i ein uttale frå årsmøtet.

Siri Sandvik er ordførarkandidat for Stad Ap. Arkivfoto 

Nyheter

Resten av uttalen lyder slik:

«Vi vil ha fokus på rett til heiltid og faste stillingar. Det er svært mange fordelar med eit heiltidsløft. Ein sikrar kvalitet i tenestene, ein fremjer Stad kommune som ein attraktiv arbeidsgjevar, og ein får utnytta kompetent arbeidskraft. Ein fremjer også eit godt og lærande arbeidsmiljø som frigjev tid til god leiing.

Stad Ap ønsker også å arbeide for eit kommunalt «vikarbyrå», eventuelt i samarbeid med nabokommunane, med mål om at ein også her kan tilby faste og heile stillingar. Gjennom administrasjonsutvalet vil Stad Ap følge opp at vi har eit trygt og godt arbeidsmiljø i kommuneorganisasjonen. Lågt sjukefråver og eit godt arbeidsmiljø gjev trivsel og ein god arbeidsplass.

Vi vil også følge opp eit godt samarbeid med leiar, verneombod og tillitsvald på alle avdelingar. Dette vil vere viktig for eit godt og trygt arbeidsmiljø.

Stad Ap vil unngå konkurranseutsetjng og privatisering av offentlege tenester. Ved framleis å ha tenestene i eigen organisasjon har ein meir kontroll på både økonomi, kvalitet på tenesteytinga til brukarane, samt arbeidsvilkår. Dei tilsette vil ha ein forutsigbar arbeidsgjevar, og løn og arbeidsvilkår vil vere stabile.»