Vegen er open igjen etter trailer har sperra

Vegtrafikksentralen melder om at fylkesveg 616 ved Askeland no er open att. Illustrasjonsfoto  Foto: Erling Wåge

Nyheter

Vegtrafikksentralen melder om at fylkesveg 616 ved Askeland no er open att etter at eit vogntog i grøfta har sperra vegen siden rundt klokka 16. Det har ikkje vore nokon passasje for andre bilar på staden.


Bilbergar kom på staden etter nokre timar og litt før klokka åtte kunne vegen endeleg opne igjen.

Vogntoget er eit av fleire som har laga problem på vintervegane i Bremanger den siste tida.