Vil ha tettare samarbeid med skulane

For å gjere rekrutteringa av arbeidskraft lettare ønskjer Paneda seg eit tettare samarbeid mellom skule og næringsliv.

Paneda-grunnleggjar Oddvar Flølo og dagleg leiar Geir Gjørsvik vil sjå meir på samarbeid med skule for å sikre rekruttering framover. Foto: Marianne S. Rotihaug 

Nyheter

I frukostmøtet til Stad vekst i Selje torsdag i førre veke vart det snakka om eit tettare samarbeid mellom skule og næringsliv. Dette er noko Selje-verksemda stiller seg bak.

– Det å følgje opp skulane er eit veldig godt poeng. Vi har ei utfordring om vi ønskjer oss ein radio- eller DAB-teknikar. Då er det ikkje berre å sjå seg rundt i distriktet. Difor er det viktig dette med skulane. Vi har ikkje fokusert så mykje på det til no. Men no ser det ut som at dette er ein trend i vekstselskapet, og det er vi glade for, seier grunnleggar av Paneda, Oddvar Flølo.