Vil skape turistsenter

Hornelen i bakgrunn. Foto: Erling Wåge. 

Nyheter

– Eit turistsenter på Gloføykje kan løfte fram det unike Vingen-feltet som turistattraksjon, meiner Jostein Eimhjellen, som har sysla med denne ideen i fleire år. Det er Firdaposten som melder saka.

Nyleg presenterte Eimhjellen planane for Kolset Krins Utviklingslag, som arbeider med bulyst og tilflytting til området. Han vil også presentere ideen om å styrke reiselivsnæringa i indre Bremanger for kommunen og politikarane.