– Dette er ein ny milepæl fram mot realisering av bru

Nordfjordbrua AS inviterer til konkurranse om forslag til bruløysing mellom Anda og Lote.

Her er Alfred Bjørlo (styreleiar Nordfjordbrua, ordførar i Eid) fv., Erling Sande (styremedlem Nordfjordbrua), Jan Olav Tryggestad (dagleg leiar Nordfjordbrua), Svein Ottar Sandal (nestleiar i styret for Nordfjordbrua), Dina Lefdal (Fylkesdirektør Samferdsle), Signe Eikenes (SVV Region Vest), Sindre Blindheim (Norconsult), Leidulf Gloppestad (ordførar i Gloppen), Tone Margrethe Oppedal (SVV Region Vest), Svenn Egil Finden (Distriktssjef SFj SVV Region Vest), Helge Eidsnes (Regionvegsjef SVV Region Vest) på presentasjonsmøte av trafikk- og finansieringsanalyse for Nordfjordbrua Anda-Lote til SVV Region Vest og Sogn og Fjordane fylkeskommune. Arkivfoto 

Nyheter

– Dette er ein ny milepæl fram mot realisering av bru mellom Anda og Lote, seier styreleiar i Nordfjordbrua AS og Eid-ordførar, Alfred Bjørlo.

Nordfjordbrua AS har lyst ut ein tilbudkonkurranse for å få inn forslag til konsept for bru mellom Anda og Lote i Nordfjord. Konkurransen er lyst ut på den offentlege anskaffingsportalen Doffin, der selskapet inviterer til å gje tilbod på utarbeiding av 3D-modell og teknisk og økonomisk konsept for planlegging og seinare realisering av Fjordkryssinga.

Det blir jobba med å realisere Nordfjordbrua mellom Anda og Lote. Her er ein illustrasjon av eit tenkt mogeleg konsept. Skisse: LMG Marin/NordWest3D  Foto: LMG Marin/NordWest3D

 

–  Det er for tida ei rivande teknologisk utvikling innanfor bru-bransjen, mellom anna drive fram av Statens vegvesen sine utviklingsprosjekt knytt til ferjefri E39. Nordfjordbrua Anda-Lote er eit prosjekt som passar godt for mange av dei nye teknologiske løysingane og metodane som no blir utarbeidde i marknaden. Vi er difor svært spente på responsen i konkurransen som no blir utlyst, seier Bjørlo i ei pressemelding.


Varslar emisjon for å få fortgang på Nordfjordbrua

Nordfjordbrua AS har vedteke ein emisjon i selskapet for å auka aksjekapitalen med inntil 5 millionar kroner.

 

Nordfjordbrua gjennomførde hausten 2018 ein emisjon for å finansiere eit forprosjekt for fjordkryssinga Anda-Lote. Emisjonen var vellukka og aksjekapitalen er no auka med over 3 millionar kroner, med eit breitt spekter av bedrifter og privatpersonar i regionen som nye aksjonærar. Nordfjordbrua vidarefører emisjonen fram til generalforsamling i vår, slik at endå fleire skal få høve til å bli aksjeeigar i selskapet.

Selskapet har tidlegare utarbeidd trafikk- og finansieringsanalyse for Nordfjordbrua Anda-Lote som syner  at Nordfjordbrua er eit ferjeavløysingsprosjekt med stort trafikkgrunnlag og sterke positive effektar for nærings- og samfunnsutvikling.


– Nordfjordbrua vil skape ein ny kvardag

Ei ny trafikk- og finansieringsanalyse for Nordfjordbrua Lote-Anda syner at ei bru vil tredoble trafikken samanlikna med dagens ferjetilbod.

 

Selskapet har hatt møte med Statens vegvesen regionalt , Kystverket og  Samferdelsedepartementet og har fått klarsignal frå Samferdsledepartementet til å arbeide vidare med planane for realisering Anda Lote som eit ferjeavløysingsprosjekt.

– Vårt mål no er å få fram eit best mogleg samla grunnlag for å få godkjenning av bruløysing, finansiering og organisering av prosjektet. Det blir også ei viktig oppgåve å få forankring og støtte for fjordkryssinga i nye Vestland fylkeskommune som eit ferjeavløysingsprosjekt som er med å binde nye Vestland fylke saman, seier Bjørlo.