Har funne sin ordførarkandidat

Anne Kristin Førde er Bremanger Arbeidarparti sin ordførarkandidat til valet.

Her er Frank Midtbø, Ronja Strandberg, Kristine Lyngbø, Jan Børge Monsen, Anne Kristin Førde, Per Helge Eikeland, Nina Grotle, Bjarte Myklebust og Espen Sortevik.   Foto: Privat

Nyheter

Dei neste på lista er Per Helge Eikeland, Espen Sortevik, Monica Liseth Hauge, Thomas Øvstedal og Nina Grotle. Dette er klart etter partiet hadde nominasjonsmøte onsdag, skriv partiet i ei pressemelding.

Bremanger Ap vil at Bremanger skal bestå som eigen kommune, og er positiv til samarbeid med andre kommunar på område der det er tenleg. For Ap er kommunen sin evne til å levere gode tenester til innbyggjarane det viktigaste. Dei ønsker å bruke kommunen sitt økonomiske handlingsrom på tiltak som kan føre til auka busetnad og arbeidsplassar i Bremanger.

Dette er blant sakene til det vedtekne partiprogrammet for Bremanger Arbeidarparti i komande periode:

  • Bremanger kommune skal ha ein desentralisert skule og barnehagestruktur med fokus på kompetanse og gode tenester.
  • Ruste opp skulebygga i Bremanger og Svelgen til tidsmessig standard.
  • Arbeide for realisering av symjehall i Svelgen med bruk av spillvarme frå Elkem.
  • Å få orden på tilhøva rundt Grotlesanden med sanitærbygg og utvida parkeringsareal.  
  • At kommunen er en viktig aktør for tilrettelegging av byggeklare tomter i dei ulike  bygdene.
  • Realisering av gjeldande plan for Kystvegen, og oppstart av vegparsellen Svelgen - Indrehus.
  • Bremanger kommune skal ha legekontor og helsestasjon i Svelgen og på Hauge
  • Det skal byggast nye bueiningar knytt til Haugetun, som innlemmar plan for ny lokalisering av Aktiv jobb ytre.
  • Stimulere og støtte næringslivet med utvikling av næringsklynger og  kompetansearbeidsplassar.

Nominasjonslista til Bremanger Ap består av 12 kvinner (45 prosent) og 15 menn (55 prosent).

Her er heile lista:

1. Anne Kristin Førde (1965), Bremanger

2. Per Helge Eikeland (1956), Svelgen

3. Espen Sortevik (1960), Svelgen

4. Monica Liseth Hauge (1971), Bremanger

5. Thomas Øvstedal (1982), Svelgen

6. Nina Grotle (1962), Bremanger

7. Julie Rakland Hagen (1996), Svelgen

8. Nils Jørgen Sagebø (1964), Svelgen

9. Aud Berit Mulelid (1965), Kjelkenes

10. Bjarte Myklebust (1986), Ålfoten

11. Frank Midtbø (1966), Svelgen

12. Gunnar Styve (1970), Svelgen

13. Ingvild Øvstedal (1982), Svelgen

14. Bjørnar Førde (1959), Kjelkenes

15. Svein Klævold (1973), Rugsund

16. Jan Børge Monsen (1972), Kalvåg

17. Ellen Oline Isane (1970), Rugsund

18. Knut Sande (1958), Kjelkenes

19. Kristine Lyngbø (1998), Bremanger

20. Charlotte Førde (1995), Svelgen

21. Arild Naustdal (1981), Svelgen

22. Hans Rune Strandos (1957)m Svelgen

23. Leo Cirotzki (1970), Svelgen

24. Wenche Johannessen (1983), Kalvåg

25. Ronja Strandberg (1999), Kalvåg

26. Harda Birgitte Furset (1978), Kjelkenes

27. Alf Stokkenes (1945), Svelgen