Har invitert ungdom frå tre kommunar

Laurdag 9. februar er det duka for UKM for ungdom frå Selje, Eid og Gloppen.

Her underheld ungdommar med dans under fjorårets UKM. Foto: Siri Kolseth 

Nyheter

– Sidan Eid og Selje saman er på veg mot nye Stad kommune, er det naturleg at vi i år inviterer til ei felles mønstring for ungdommane i dei to kommunane. I tillegg inviterer vi Gloppen til å vere med, så dette blir verkeleg ei samling på tvers av kommunegrenser, skriv operahuset, der mønstringa blir arrangert, på sine nettsider.

Bokstavane i UKM står for Ung Kultur Møtast.

– Her viser ungdom fram det dei brenn for, og alle kulturelle uttrykk velkomne, seier arrangørane.

På nettsidene til UKM kan ein sjå at det er meldt på 52 personar til arrangementet, fordelt på 24 innslag.


Desse går vidare i UKM

Denne helga var Vanylven først ut i vårt område med å arrangere UKM, og fleire av deltakarane var fokuserte mest på å ha det kjekt og lite på konkurransen om å kome vidare.