Husplanane blir stoppa av jordvern

Draumen er utsikt mot havet i nytt hus på garden heime i idylliske Refvik. Men Martin Refvik har fått nei og atter nei på alt av søknader.

Lovise Johnsen og Martin Refvik pussar opp eit hus dei har kjøpt på Raudeberg, men draumen er framleis å bygge nytt hus på garden i Refvik . Alle foto: Eva Westvik  Foto: Foto Eva Westvik

Nyheter

– Eg er oppvaksen i Refvik og eg og sambuaren min vil etablere oss her, og eg vil drive med litt sau i tillegg til jobben min som styrmann. Men no er eg så oppgitt at eg får lyst å flytte vekk frå Vågsøy, seier Martin Refvik.