Kartverket er misnøgd med namnet på denne tunnelen

Kartverket har klaga på vedtaket hovudutval for samferdsle gjorde om at tunnelen ved Kleiva i Selje heiter Strandanipatunnelen.

Strandanipatunnelen ved Kleiva vart opna 18. desember i fjor. Arkivfoto 

Nyheter

I møte den 26. september 2017 vedtok Hovudutval for samferdsle at namnet på den nye tunnelen ved Kleiva i Selje kommune skulle vere Strandanipatunnelen. Stadnamntenesta på Vestlandet og fylkesdirektøren har tidlegare tilrådd namnet Strandanipetunnelen.


Opnar tunnelen til jul

Det blir offisiell opning av Strandanipatunnelen tysdag 18. desember.

 

I eit brev viser Kartverket til hovudutvalet sitt vedtak, og klagar på dette vedtaket etter lova om stadnamn.

«Eit rettskrivingsprinsipp i norsk er at bunden form av ord og namn fell bort når dei står som førelekk i ei samansetning. Dette inneber til dømes at dersom namnet Strandanipa skal stå i ein samansetning, bør skrivemåten vere Strandanipe- og ikkje Strandanipa», skriv Kartverket i si grunngjeving.

– Før klagen frå Kartverket blir lagt fram til politisk handsaming, ber vi om ei ny vurdering av namnet Stranda- nipatunnelen/Strandanipetunnelen, skriv fylkesdirektør Dina Lefdal og plan- og beredskapsleiar Ole Ingar Hagen Hæreid i eit brev til Selje kommune og Språkrådet.