Kommunen skal få slutt på «ladeangsten»

Då Joachim Scobie kom til Måløy med elbil første gong fekk han «ladeangst», for ingen av elbil-ladarane fungerte.

Joachim Scobie dagpendlar til Måløy med elbil, men oppdaga fort at ingen av dei fire ladepunkta i sentrum verkar lenger. Det skal det no gjerast noko med, ifølgje Vågsøy parkering. Foto: Eva Westvik 

Nyheter

Den nye hotelldirektøren på Thon Hotel Måløy har pendla mellom Eid og Måløy med elbil sidan nyttår. Første tur vart eit lite sjokk.

– Eg oppdaga at alle dei fire ladepunkta i Måløy sentrum var utdaterte og ikkje verka lenger, seier Scobie.