Nytt steinsprang i Eltvikstranda på Stad

Då folk frå Eltvik på Stad skulle på jobb i dag tidleg, hadde steinar rasa ned i vegen mellom Tungevåg og Eltvik.

To steinar hadde ramla ned i vegen i Eltvikstranda på Stad torsdag morgon.   Foto: Privat

Nyheter

– Det kan ha skjedd i natt, det var mannen min som oppdaga det då han reiste rundt halv ti i dag, fortel Siri Rehn, som bur i Eltvik saman med mann og eit lite barn.


Dei åtte fastbuande i Eltvik er vane med den skumle vegen.