Samlast til ei helg med likesinna

8.–10. februar samlast unge og vaksne frå heile Sogn og Fjordane til årets Superhelg i 4H på Skei.

Samlast: Til helga er det Superhelg i 4H. Pressefoto 

Nyheter

Tre arrangement vil gå av stabelen under fellesnamnet Superhelg i 4H, ei helg med mykje aktivitet og moro. Det vert styrekurs for 4H-medlemmane, inspirasjonssamling for dei vaksne i 4H og på søndag vert helga avslutta med fylkesårsmøte. Superhelg i 4H startar fredag 8. februar. Då møtest meir enn 80 4H-arar frå 10 år og oppover på Skei skule til bli kjent-leikar, årsmøteopplæring og foredrag av 4H-arar som har fått oppleve 4H i Gambia.

Fredag og laurdag samlast òg nærmare 20 vaksne ressurspersonar i 4H til inspirasjonssamling på Thon Hotel Jølster. Gjennom samlinga vil dei få påfyll i form av nye idear og ny kunnskap som dei kan ta med seg vidare i arbeidet som frivillig i 4H. Mellom anna vil det verte fokus på visjonen til 4H framover, nemleg at organisasjonen har som mål å verte større, smartare og synlegare. Søndag morgon vert mange av deltakarane på styrekursa og inspirasjonssamlinga med vidare på årsmøtet i 4H Sogn og Fjordane. Årsmøtet er ein del av styrekursopplæringa.