Ventar å starte arbeidet i september

Garderobeanlegget og symjebassenget i Selje skal oppgraderast på likt, og arbeidet er venta å kunne starte i september.

Selje skule: Politikarane i Selje var i oktober på synfaring ved bassenget og garderobeanlegget ved Selje skule. I september eller oktober reknar ein med at ein kan starte arbeidet med oppgradering. Arkivfoto: Janne Weltzien Listhaug 

Nyheter

Etter spørsmål frå Judith Kvåle og resten av Tverrpolitisk liste i kommunestyret i Selje om framdrift av oppgradering av garderobeanlegg og basseng i Selje, orienterte rådmann Kristine Dahl i sist møte. Der kom det fram at oppgradering av garderobeanlegget skal sjåast i samanheng med oppgradering av symjebassenget.

Byggestart i september

Det vart også orientert om at det vil vere uklokt å setje i gang oppgraderinga av garderobar som ein kanskje må endre når ein har vurdert garderobebehovet i tilknyting til bassenget.