Førar meldt for brot på køyre- og kviletida

Nyheter

Statens vegvesen hadde torsdag kontroll ved Lefdal i Eid kommune der 14 køyretøy vart kontrollert.

Ein førar vart meldt for brot på køyre- og kviletidsregelverket. To førarar fekk åtvaring for brot på same regelverk.

To førarar måtte rydde i frontruta før vidare køyring, og ein førar fekk gebyr for manglande kjetting.