Fann ikkje pengar til å kunne halde barnehagen sommaropen

Samarbeidsutvalet ved Skavøypoll barnehage har klaga på planane om å spare inn 842.237 kroner i barnehagebudsjettet, blant anna ved å sommarstenge dei kommunale barnehagane. Men klagen blei ikkje tatt til følge.

Må spare: Oppvekst- og kulturutvalet vedtok tysdag at dei kommunale barnehagane held sommarstengt i fire veker samanhengande, samt ei veke til, fordelt på jul og påske. Foto: Svanhild Breidalen 

Nyheter

Administrasjonen hadde, etter at kommunestyret i desember vedtok budsjettkutt innan barnehage for 2019, vurdert ulike innsparingstiltak og landa på at ein ved å halde feriestengt fem veker i løpet av året kan spare cirka 500.000 kroner.

Endringa medfører at barnehagen må auke feriestenginga med ei veke til fire veker samanhengande om sommaren, samt to dagar i samband med jul og tre med påske.