Flyttar Havfiskefestivalen fram til juni

Havfiskefestivalen flyttar arrangementet til byrjinga av juni for å få fleire ungar med på festen i Måløy.

Havfiskefestivalen: Flyttar arrangementet til før sommarferien for å få med skuleklasser og barnehagebarn på kystaktivitetar. arkivfoto  Foto: Bjørn Erik Drabløs

Nyheter

– I år flyttar vi Havfiskefestivalen til 6.–8. juni, for å prøve korleis det blir, fortel Rita Andal, dagleg leiar for arrangementet på land under Havfiskefestivalen i Måløy.

– Det er to grunnar til at vi flyttar arrangementet fram til andre helga i juni. Vi vil ha med flest mogeleg skuleklasser og barnehagebarn og vi vil unngå at Havfiskefestivalen kjem same helg som Kystfestivalen i Kalvåg, slik som dessverre skjedde i fjor.

I samarbeid med NordfjordHavfiskeklubb har norgescupen i havfiske også blitt flytta, slik at havfiskekonkurransen også i år blir ein vesentleg del av festivalen.

– Næringslivet har ytra ønske om å bruke Havfiskefestivalen til å arrangere kundetreff og blåturar, men det har passa dårleg midt i ferien. No blir det perfekt, held Andal fram.

Men det er altså skular og barnehagar datoen først og fremst er flytta for.

– Alle aktivitetane for ungane er gratis, og vi ynskjer å gje dei positive opplevingar knyta til kysten, avsluttar Rita Andal.