Fylkesmannen godtek ikkje utviding

Fylkesmannen i Vestland vil ikkje godta ei utviding av Måløy Stormarked.

Fylkesmannen godtek ikkje utviding av Måløy stormarked. Arkivfoto 

Nyheter

Det skriv NRK Sogn og Fjordane.

Fylkesmannen ber kommunen endre planen for området, der ein ber kommunen ta stilling til kor i Vågsøy ein vil satse på handel og trafikktryggleik. Statens vegvesen godtek heller ikkje planen, med årsak i at ein ønsker avkøyringsfelt frå rv 15, og trafikktryggingstiltak for mjuke trafikantar. Planen for kjøpesenteret er også i strid med statlege retningslinjer, ifølgje NRK.

Som Fjordenes Tidende nyleg omtalte, så sa fylkesutvalet ja til utvidinga av kjøpesenteret: 

Har fått ja til storsenterutbygging

Fylkesrådmannen innstilte på nei til utvidelse av Måløy Stormarked i utkastet til detaljreguleringsplan. Men fylkesutvalget ville det annerledes.


– Det vil ta tid å få gjennomført ei utbygging. Vegvesenet vil ha betre kryss, men det er heilt urealistisk at vi som enkeltaktør skal betale eit heilt nytt vegkryss, seier Per Gunnar Frantzen i Måløy Stormarked til NRK.

 – Eg synest at det er vanskeleg å utvikle eit handelstilbod i Vågsøy kommune, politikarane er for, men det er mykje lovar og regler. Det kjennest som at enkelte jobbar mot oss, seier Frantzen, seier han vidare.