Gjennomførte 16 år gamalt løfte om besøk

I 2003 vart Øyvind Reed og Gisle Råsberg invitert til Shetland og Up Helly Aa i 2019. I slutten av januar i år reiste dei.
Nyheter

– Han som er Guizer Jarl, sjefen for årets arrangement og han som tar over styringa av byen i eit døger, er ein gamal kompis av meg, som eg kjenner frå fotballtida. Då han for 16 år sidan kom inn i komiteen for arrangementet, og fekk vite at han kom til å bli jarl i 2019, så inviterte han meg allereie den gong. Og den same historia gjeld for Gisle, forklarar Reed.