Håpar å tilsette enda fleire på rett hylle

Sætren AS er til stadigheit på utkikk etter dei rette medarbeidarane med den rette kompetansen. Måløy-verksemda meiner at noko av utfordringa er at ein i distriktet må ha jobb til to, i tillegg til fleire gjennomgangsbustadar.

Hovudeigar Einar Rune Sætren (t.v.) og dagleg leiar Kjell Gunnar Tennebø i Sætren AS meiner framsnakking, eit meir variert næringsliv og fleire gjennomgangsbustadar kunne letta rekrutteringa av fagfolk. – Det med bustadar kan vere ein flaskehals, seier Tennebø. Foto: Marianne S. Rotihaug 

Nyheter

I løpet av det siste året har elektroverksemda tilsett fem personar. Tre av desse lærlingar.

– I tillegg til å tilby nye personar jobb må vi også bli flinkare å framsnakke andre ting enn sjølve arbeidsplassen. Det vere seg barnehagedekning, gode skular, sentrumstilbod og jobb til partnaren, seier hovudeigar Einar Rune Sætren i Sætren AS.

Han viser til at ein i Vågsøy tradisjonelt har hatt eit mannsdominert næringsliv, men seier samstundes at denne trenden heldigvis ser ut til å endre seg i åra framover med alle dei nye satsingane som no er annonsert, som til dømes Måløy Maritime Ressurssenter, Mowi si satsing, hotell og turistsatsing, samt badeland i sentrum.


Samlet inn 45 millioner på ti dager

Næringslivet i Vågsøy stiller opp, og tar ansvar for til sammen 45 millioner kroner til realisering av Nordfjordbadet.

 

– Det er viktig med jobb til både han og henne. Vi veit at her er enormt med jobbar for fagarbeidarar på alle felt, men forholdsvis færre jobbar for til dømes akademikarar, seier Sætren.

Vil ha fleire bustadar

Sætren og dagleg leiar Kjell Gunnar Tennebø peikar også på behovet for gjennomgangsbustadar.

– Det med bustadar kan vere ein flaskehals. Om vi hadde fått fleire gjennomgangsbustadar hadde det vore lettare for folk å prøve seg i arbeidslivet her. Dei hadde ikkje vore like låst som om dei må kjøpe seg eit hus for å kome hit. Her kunne vi, sikkert saman med andre, vore med og bidratt, seier Tennebø.

Verksemda arbeider også kontinuerleg med å vere ei viktig opplæringsbedrift.

– Vi har per i dag fem lærlingar. Vi tar inn to til tre kvar haust, og vi føler at vi er ein viktig utdanningsaktør. Nokre fortset som fagarbeidarar, andre reiser ut og tek vidareutdanning på høgskular og liknande. Nokre av dei som reiser ut får vi tilbake i bedrifta etter nokre år, forklarar Tennebø.

Stort potensial for vekst

Trass i at verksemda gjerne skulle hatt fleire tilsette hadde dei eit godt år i 2018. Omsetninga enda på 44 millionar kroner, noko som er ei auke på 13 prosent frå året før. Marknaden fordeler seg med om lag ein tredjedel på automasjon og to tredelar på installasjon.

– No er vi ein meir komplett leverandør som kan ta hand om større prosjekt som omfattar mykje meir enn tradisjonell installasjon, som til dømes adgangs- kontroll, automasjon, data, brannvarsling og meir. Det at vi er ein komplett leverandør ser vi på som ein fordel, seier Sætren.

Der verksemda ser føre seg å vekse mest er innan automasjon. For nokre år sidan utvida Sætren satsinga si innan dette feltet og tilsette fleire nye ingeniørar.

– Elektroinstallasjon er ein aktivitet som har sine klare geografiske avgrensingar då store reisekostnadar gjer oss mindre konkurransedyktige. Automasjonsingeniøren kan derimot operere i eit mykje større område då ein til dømes kan utføre programmering som er ein stor del av jobben frå kontorpulten eller lab'en her i Måløy, seier Tennebø.

– Innan automasjon har vi fleire kjøleanlegg på eksempelvis IKT-senter, og på fabrikkar som skal ha kontroll på prosessane sine. Innan automasjon er det som nemnt mindre arbeid i felt og det er lettare å ta oppdrag i heile Norge, legg Sætren til.

Verksemda er også med på fleire utviklingsprosjekt saman med andre lokale verksemder.

– Dette er veldig kjekt å vere med på, seier Sætren.


Villige til å flytte på seg

I dag er Sætren lokalisert i Sjøgata midt i Måløy, men blir planane om hotell på sentrumsfyllinga realisert er dei villige til å flytte.

– Vi eig ikkje bygget, men vi har heile tida tenkt at om dei skal bygge hotell, så vil ikkje vi vere eit hinder for planane, seier hovudeigar Einar Rune Sætren.

Bygget som verksemda held til i er lokalisert i ytterkant av sentrumsfyllinga og om eigarane ser seg nytte i å selje til utbyggjarane, har bedrifta fleire alternative plassar å flytte til.

Sætren peiker på at dei har ei passande tomt på Gotteberg nord i Måløy som kan vere eigna for verksemda.

– Elles er der fleire andre alternativ som kan vere aktuelle, seier han.


Starta med reparasjonar

Verksemda Sætren såg dagens lys i 1928. Den gong var det reparasjon av syklar som vart tilbydd.

– Einar Sætren, som var min bestefar, var styrar på Kraftstasjonen i Måløy, men etter kvart starta han si eiga mekaniske bedrift, fortel tredje generasjon i Sætren AS, Einar Rune Sætren, om oppstarten av verksemda som i dag tel 31 tilsette.

Det starta med reparasjon av syklar, for Einar Sætren hadde verktøy som kunne lage spilar i hjula på syklane. Etter kvart som straumen blei allemannseige starta Sætren å produsere varmeomnar.

– Einar var utdanna innan elektro på Bergen Mellomtekniske Skole allereie i 1914, og var nok ein av dei første i Måløy med elektrokompetanse. Han underviste også på noko dei kalla aftenskule, der han lærte opp andre innan elektrofaget.

Etter krigen kom sildetida, og fleire båteigarar måtte få installert elektrisk anlegg om bord i båtane for å kunne bruke nye instrument som t.d. ekkolodd og radiosendarar.

– Då begynte dei å installere meir straum på både skip og land. Seinare har vi tatt nye steg, men eg trur det er godt og trygt både for dei tilsette og kundane våre at vi tar med oss historia vår, seier Sætren.