Har starta grunnundersøkingane til skipstunnelen

Ingeniørar var fredag på plass for å starte arbeidet med grunnundersøkingane for Stad skipstunnel.   Foto: Anja Midttun

Nyheter

Fredag starta arbeidet med grunnundersøkingar for Stad skipstunnel i Moldefjorden i Selje. I grunnundersøkingane skal ein bore seg gjennom det 1,7 kilometer lange fjellet for analysere kvaliteten på massen.


Går steinhardt til verks for å kutte kostnadar

Kystverket har starta arbeidet med å sjå på tiltak som kan minke kostnadane med å bygge Stad skipstunnel. No skal dei bore seg gjennom fjellet.


– Det vi arbeider med no er å redusere kostnadane som var presentert i KS2. Det vi har starta med no er å kartlegge kvaliteten på fjellet, orienterte Terje Andreassen i Kystverket til fellesnemnda i Stad sist veke.

Arbeidet på Kjødesida av tunnelen er venta å starte om cirka ei veke. 

Måndag og tysdag blir det arrangert konferanse om Stad skipstunnel, og på dag to blir det mellom anna synfaring til Moldefjorden der dei no har starta arbeidet med grunnundersøkingane.


Inviterer til konferanse om ringverknadene av skipstunnelen

Måndag og tysdag 11. og 12. februar blir det konferanse om Stad skipstunnel - ringverknadar lokalt og regionalt.