Kan ha vore siste tur for bokbåten Epos

Då bokbåten Epos la til kai på Fiskå og Slagnes nyleg, kan det ha vore for siste gong i Vanylven etter 55 år med jamlege besøk. Kontrakta er ute og administrasjonen i Møre og Romsdal fylkeskommune vil legge ned tilbodet.
Nyheter

Skipper og eigar av Epos, Svein Ivar Vinnes frå Fusa, stadfestar at det er stor uvisse omkring det vidare tilbodet for bokbåten i Vanylven. Tilbodet vart lagt ned i Sogn og Fjordane for fire år sidan. No kan det gå same vegen i Møre og Romsdal, slik at berre Hordaland framleis vil ha dette bibliotektilbodet til folk på små stader langs kysten.