Milliongåve til forskningssenter

Millionane dryssa over Måløy Marine Ressurssenter fredag. Gåva på seks millionar frå to lokale bankar kjem godt med i etableringa av forskingssenteret.

Spent stemning då prosjektansvarleg Randi Paulsen Humborstad og styreleiar Olav Steimler i MMR fekk overrekt milliongåva.  Foto: Eva Westivk

Nyheter

– Dette er ein flying start! Det er eit utruleg stort og fint beløp, og så er det viktig av to årsaker. Det eine er sjølve finansieringa, det andre er støtten som dette viser. Dette styrkar trua på det vi gjer, seier styreleiar Olav Steimler i Måløy Marine Ressurssenter om dei seks millionane som vart overrekt av Sparebanken Vest og Sparebanken Sogn og Fjordane. 

– Eg synes det er heilt fantastisk at bankane med dette viser stort samfunnsansvar. Vi mangla eit marint forskingssenter i Sogn og Fjordane og bankane vel her å satse på det, så vi er veldig glade for den store gåva vi har fått i dag, seier prosjektansvarleg for MMR, Randi Paulsen Humborstad.