Fekk du med deg desse sakene?

Sist veke var Stadlandet sentralt på God morgon Norge, på TV2. Det var saka som var mest lese på fjt.no den siste veka.

Når TV2 God Morgen Norge tok turen til Stadlandet, var det en draum som gjekk i oppfylling for reporter Bjarte Ragnhildstveit. Foto: TV2 

Nyheter

– Vi i God morgen Norge vil gjerne besøke heile vårt vakre land. No har turen kome til ei lita perle eg har drøymt om å besøke i ti år, nemleg Stadlandet, seier reporter i TV2, Bjarte Ragnhildstveit. Her kan du lese saka.

Den nest mest lese saka for fjt.no sine lesarar var at Cicle K, på Nordfjordeid, hadde stengt dørene.

Glatte vegar har skapt problem for trafikken, spesielt i Bremanger. Denne veka var ikkje noko unntak, då ein lastebil sperra vegen torsdag morgon. Espen Gulliksen i politiet fortalde Fjordenes Tidende at det var så glatt at ein ikkje kunne stå oppreist på beina.

Lesarinnlegg om Kinn er ofte mykje lese hos fjt.no, og denne veka var det «Svar til Doris Christensen», som var mykje lese.

Denne veka vart det klart kven som har fått jobben som dagleg leiar for Måløy marine ressurssenter. Jobben gjekk til Roger Bergset.

 – Bergset har lang erfaring med FoU- og innovasjonsprosjekter, forretningsutvikling, internasjonalisering og markedsutvikling, utalte styreleiar Olav Steimler i Måløy Marine Ressurssenter om tilsettinga.