– Det kan tyde på at vi har bomma på oppgåva og bør ta ein ny runde

Det er behov for å ta eit skritt tilbake og vurdere om både prosess og forslag til kommunevåpen for Kinn stettar forventnigane innbyggarane har.

Kommunevåpen: A til Å og Geelmuyden Kiese 

Nyheter

Det skriv Kinn Ap i ei pressemelding om kommunevåpen for Kinn kommune.

Partiet skriv vidare at reaksjonane i ettertid av presentasjonen av kommunevåpen har vore mange og langt dei fleste har vore negative.

– Hovudproblemet slik vi ser det er at svært mange seier dei ikkje identifiserer seg med forslaget og saknar moglegheit til å kunne delta i val av motiv. Kommunevåpenet må vere noko vi er stolte av, bygger samhold og alle kan identifisere med kommunen vår.

Tilbakemeldingane har ifølge partiet gått på at det kan vere vanskeleg å sjå kva forslaget er.


Her er forslaget til nytt kommunevåpen for Kinn

Slik vil arbeidsgruppa for kultur og identitet at Kinns nye kommunevåpen skal se ut.

 

– Mange mislikar det abstrakte og meiner det er vanskeleg å bli like glad i det abstrakte som det billedlege. Nokre peikar på at fyrlykta er lite typisk for Kinn og eit motiv som mange kommunar har. Kinnaklova eller Kannesteinen ville vore kjenneteikn som er berre vårt og ein tydeleg identifiserer med Kinn. Mange er og usikre på om ei fyrlykt har same posisjonen som den hadde tidlegare. I dag er blinklysa i kystleia viktigare enn dei store fyra og skal vi først bruke seglingsmerker er nok både Kinnaklova og Klovningen vel så viktige seglingsmerker som fyrlyktene, heiter det i pressemeldinga som er underskriven av Kristin Maurstad, Ola Teigen og Tove Lill Refvik Volle.

Partiet peiker vidare på at det positive med reaksjonane er at mange viser ekte engasjement i korleis kommunevåpenet skal vere. Dei meiner at dette engasjementet bør fellesnemnda ta som signal på at mange bryr seg om våre viktigaste symbol for den nye kommunen.

Kinn Ap meiner forslaget godt kan fungere som kommunevåpen, men dei ser at fleire motiv og forslag bør vurderast.

– I prosessen vidare med kommunevåpet kan vi lære litt av Sunnfjord kor innbyggarane fekk stemme på nokre alternativ. Innspela som er kome i forkant bør vere mange nok til at vi i tillegg til forslaget som er presentert bør kunne få laga 1-3 fleire forslag som innbyggarane kan ta stilling til.

– Kommunevåpenet skal vere noko vi er stolte av og vil vise fram. Det er noko som skal gje felles indentitet og bygge samhold. Forslaget og prosessen så langt kan tyde på at vi har bomma på oppgåva og bør ta ein ny runde, skriv partiet avslutningsvis.