Fekk bot for overlast

Nyheter

Statens vegvesen hadde måndag kontroll på Nordfjordeid der totalt ti køyretøy vart kontrollerte. 

Ein førar fekk gebyr for manglande kjetting. Eit firma fekk 3.350 kroner i gebyr for overlast.

I tillegg vart det utferdiga mangellappar for tekniske manglar på fire køyretøy, melder Statens vegvesen.