Konferansen om Stad skipstunnel:

Har store forventningar til den nye regjeringa

– Når denne rapporten er ferdig kan eg ikkje sjå at det skal vere noko meir som utset dette prosjektet, seier prosjektleiar Randi Humborstad i Stad skipstunnel.
Nyheter

Måndag og tysdag denne veka går konferansen om ringverknader for Stad skipstunnel føre seg i Eid og Selje. Måndag med ei rekkje føredrag på Nordfjord Hotell i Eid, før ein tysdag mellom anna skal på synfaring der Kystverket no har starta grunnundersøkingane.