Omset fisk for 13 millionar i veka

2018 vart eit rekordår for Vest-Norges Fiskesalslag. Ved årsskiftet hadde dei tilsette ved kontoret i Måløy omsett kvitfisk, skaldyr og tare for heile 682 millionar kroner.

Dei seks tilsette på Vest-Norges Fiskesalslag sitt kontor i Måløy har omsett kvitfisk, skaldyr og tare for 682 millionar kroner i 2018. F.v. Heidi Støylen, Solfrid Ramsevik, Eva Hagevik, Anne Dorthe Kråkenes og Magnar Aasebø. Kennet Karlsen var ikkje til stades. Foto: Marianne S. Rotihaug  Foto: Marianne S. Rotihaug

Nyheter

– Dette er ny rekord for salslaget. Omsetninga vår i 2018 var om lag 35 millionar kroner større enn i 2017, som også var eit rekordår, seier dagleg leiar Magnar Aasebø i fiskesalslaget.

I tillegg til ei stor auke i omsetning i kroner og ører, har også salslaget omsett eit langt større kvantum. I 2018 omsette dei seks tilsette på kontoret i Måløy 25.000 tonn fisk i tillegg til 15.800 tonn tare.