Vil gjere det enklare å pendle frå Bremanger til Kinn

Bremanger kommune ønsker auka rutefrekvens for dei regionale båtrutene.

Bremanger ønsker mellom anna auka rutefrekvens for å kunne pendle dagleg. Foto: Erling Wåge 

Nyheter

Fylkeskommunen legg opp til ny anbodsrunde for nye båtruter frå 2022 og blant innspela frå Bremanger er det ønske om auka rutefrekvens for regionale båtruter nord-sør, slik at det blir mogleg å pendle dagleg begge vegar mellom Måløy, Bremanger og Flora.