Håpar å skape jobbar i heimbygda

Gründerverksemda til Marius Strømmen, Havfront, er i ferd med å svinge seg opp med sal av «verdas minste sløye- og kappemaskin» for kvitfisk. Å etablere arbeidsplassar i heimbygda Rugsund har likevel vist seg vanskeleg.

Lokale: Marius Strømmen fortel at dei håpar å få selt maskina også i lokal marknad. Biletet er teke på Nordfjordeid då Strømmen var innom hytta si før han reiste vidare til Senja. FOTO: JØRN-ARNE TOMASGARD 

Nyheter

– Eg er rungsundar og det er heilt klart eit mål for meg å skape arbeidsplassar her. Tanken var at vi skulle etablere verksemda i Rugsund, men vi har søkt etter folk og det viser seg at det er vanskeleg å rekruttere folk med rett kompetanse til å flytte hit for å jobbe. Og vi kan ikkje risikere verksemda ved å stå hardt på at etableringa skal skje her, seier gründeren som også er varaordførar i Bremanger for Sp.