Heile klassen står saman om kabareten

Fredag og laurdag er det klart for tre framsyningar av 10. klasse ved Selje skule sin årlege kabaret.

Plakaten: 10. klasse ved Selje skule har fredag premiere på sin eigen kabaret med temaet «heimekos». Foto: Selje skule 

Nyheter

– Vi har jobba med dette sidan haustferien, fortel Signe Gangeskar og Christine Nygård i tiande klasse.

Då begynte jobben med å kome opp med ideane og skrive på manuset.

– Vi har brukt norsk- og musikktimane til å jobbe med dette, i tillegg til sal og scene.

Årets raude tråd i kabareten er «heimekos». Jentene vil ikkje røpe for mykje men fortel at det handlar om eit kjærastepar som skal sitte barnevakt for tanta til jenta, men som så stadig blir avbrotne med ting som skjer.

Formatet kabaret er vald fordi det er fleksibelt.

– Vi jobbar innanfor den delen av musikkfaget som heiter musisering. Her handlar det om førespurnad til publikum meir enn berre det å spele og synge. Kabaret-genren er fleksibel og alle elevar får anledning til å skrive sitt eige nummer i sin stil, alle får sjansen, seier lærar Arve Åhjem.

Kabareten har premiere på Selje samfunnshus fredag 1. mars og blir også vist to gongar laurdag 2. mars.