Byr på americanafestival for andre gong

Laurdag er det klart for den andre Americanafestivalen i Gymmen i Eid og Amund Maarud & Lucky Lips headliner kvelden.

Laurdag blir det ny festival i Gymmen. arkivfoto  Foto: Elise Årdal

Nyheter

Der vil du få høyre fengande musikk med element frå folk, country, bluegrass og blues. På scena står artistar med både lokal og nasjonal forankring. Mellom anna kan ein oppleve elevar frå kulturskulen i Eid, ulike soloinnslag og lokale band som vil formidle musikk med røter i den amerikanske folkemusikken.

Amund Maarud & Lucky Lips headliner kvelden.

– Dette er eit av dei mest spennande americanainnslaga i Norge akkurat no. Amund Maarud er ute med sitt sjette soloalbum Perfect Stranger. Det er eit strålande album med mykje akustiske instrument og ein sjangermessig dreiing mot americana og roots i større grad enn tidlegare, ifølgje Gymmen Scene og studio si nettside.

Dei skriv vidare at Americanafestivalen i Gymmen vil passe for både musikkinteresserte og nysgjerrige publikummarar som vil oppleve kvalitetsmusikk i ei triveleg atmosfære i staselege og koselege Gymmen.