Den populære ballbingen skal få ei etterlengta oppgradering

Ballbingen i Gate 5 i Måløy er slitt. Her er rådgjevar for fysisk aktivitet Atle Skrede i fylkeskommunen på besøk for nokre år sidan. Arkivfoto 

Nyheter

Ballbingen i Gate 5 i Måløy skal pusses opp for 180.000 kroner.

Ballbingen, som ligg like bak ungdomsskulen, er 10 år gamal og har vore mykje i bruk. Det har sett sine spor.

Kunstgraset er ustlitt og det er trong for å skifte det. I tillegg bør lysanlegget oppgraderast til LED-lys og fangnett, målnett og basketballnett må skiftast ut.

Torsdag vedtok kommunestyret å sette i gang med prosjektet som det allereie er søkt spelemidlar for.Kommunen kjem ikkje til å ha utlegg på prosjektet.