Får midlar til turprogram

Illustrasjonsfoto  Foto: Otto A. Sandvik

Nyheter

Sogn og Fjordane Turlag søker alle kommunar i Sogn og Fjordane om 5.000 kroner i tilskot til utsending av turprogram, som blir trykt i 48.000 eksemplar.

Formannskapet i Selje ønsker å støtte turlaget med midlar med bakgrunn i at det er to turlag i Selje – Barnas Turlag Stadlandet og Barnas Turlag Selje, med god forankring i kommunen. Turprogrammet er eit informasjonsorgan. Det viser tilboda turlaget har, og det er turar for alle brukargrupper.